Kunne du tenkja deg å ta utdanning på Kvam vgs.? Etter første skuledag er det skulane sjølve som organiserer inntaket for ledige studieplassar. På transport og logistikk er det fleire ledige plassar. Me har òg litt kapasitet på fleire av dei andre utdanningstilboda våre. Send oss ein e-post eller ta kontakt på telefon 56 55 66 00 dersom du er interessert.
E-post til skulen
Utdanningstilboda våre for skuleåret 23/24
- Elektro og datateknologi, vg1
- Helse- og oppvekstfag vg1
- Helse- og oppvekstfag/barne- og ungdomsarbeidarfag, vg2
- Teknologi og industrifag vg1
- Industriteknologi, vg2
- Transport og logistikk vg2
- Studiespesialisering vg1-vg3
Transport og logistikk
Du som vel transport og logistikk får blant anna:
- Truckførarbevis T1, T2 og T4
- Støtte til å ta førarkort klasse B
- Teoriundervisninga for kranførar (G11)
- Kurs i handtering av farleg gods ADR
- Bruk av simulator til kran og truck-køyretrening
- To dagar i praksis i veka frå veka etter haustferien
Ta gjerne kontakt om du lurer på noko
Atle Kjosås
- Karriererettleiar
- Avdelingsleiar for mekaniske fag, elektrofag, realfag og idrett og kroppsøving.
Atle Kjosås
avdelingsleiar
Samson Håland
Assisterande rektor
Avdelingsleiar for
- samfunns - og språkfag
- helsefag og ht-avdelinga
- transport og logistikk
Samson Håland
ass. rektor