Hopp til hovedinnhold

Meir opplæring - frist 01.juli

Elev med pc

Informasjon til elevar ved dei vidaregåande skulane våren 2025 om retten til meir opplæring i fag.

Elevar i vidaregåande skule som har stryk (karakter 1 eller IV) i fag og framleis har opplæringsrett, har rett til meir opplæring. Dette gjeld dersom dei har følgt undervisninga fram til 1. mars, ikkje har slutta eller har for høgt fråvær.

Vaksne elevar har rett til meir opplæring i fag som inngår i opplæringa dei får etter § 18-3. Elevar må ta kontakt med skulen for å få råd om vidare opplæring, og mange må ta ny eksamen for å få vitnemål.

Fristen for å søke om meir opplæring er 1. juli. Søknadar som kjem inn etter denne datoen blir berre vurdert dersom skulen har kapasitet.

Les meir om meiropplæringa