Hopp til hovedinnhold

Samtykkjeskjema for biletebruk

Sveising

Me tykkjer det er kjekt  visa glimt frå skulekvardagen på nettsida vår, i reklamemateriell og på sosiale media. Me håpar at du som elev tenkjer det er greitt å vera med på bileta me publiserer. Me oppfordrar deg derfor til å signera digitalt samtykkjeskjema for bruk av bilete. Er du under 16 år? Då må føresette signera avtalen òg. Det blir sendt melding om signering til føresette etter at eleven har signert og meldt inn nødvending informasjon.

Signering av samtykkjeskjema til bruk av film og bilete.

Innhaldet i samtykkjet

Vestland fylkeskommune bruker bilde i ulike media som t.d. internettsider, intranettsider, sosiale media, reklame, presentasjonar, brosjyrer og anna.

Bileta kan bli redigert, bearbeidd eller kombinert med tekst og grafiske uttrykk. Alle personar i bileta blir framstilt sympatisk og positivt. Bileta vil ikkje bli selt til andre partar, men dei kan bli brukt i andre media, t.d. når vi sender pressemeldingar til aviser eller liknande.

Bileta kan også ligge i eit fotoarkiv, der media og andre relevante aktørar kan bruke bileta i saker og tekstar som omtaler fylkeskommunen, våre tenester eller der det er relevant. Vi kan ikkje garantere for at bilete ikkje kan bli kopiert av andre frå t.d. internett.

Vi kan ikkje tilby honorar for bilde, og du må avstå frå krav om dette i framtida.

Du har rett til å be om å trekke tilbake samtykket i ettertid. Dette gjer du ved å vende deg til kommunikasjon@vlfk.no

Dersom du godtar desse vilkåra kan du fylle ut informasjonen på neste side. Vi takkar for at du vil støtte oss!