Hopp til hovedinnhold

Særskilt tilrettelegging av eksamen

Lærebøker i historie

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging. Søknadsfrist: 31. mars.

For å søkje må du ha dokumentasjon på kva behov for tilrettelegging du har frå ein sakkunnig instans som til dømes fastlege eller PP-teneste.

Kva for tilrettelegging som er føremålstenleg, vil variere frå person til person, men døme på tilretteleggingar ein kan søkje om er:

  • Utvida tid
  • Opplesing av tekst
  • Å bruke tale til tekst-program
  • Skjerma arbeidsplass

Søknaden , med vedlagt dokumentasjon, må sendast til rektor i VismaInSchool. Rektor avgjer om du får innvilga særskilt tilrettelegging på eksamen.