Hopp til hovedinnhold

Utveksling til Polen og Spania

Co-funded by the Erasmus+ Programme of the European Union

Kvam vidaregåande skule inviterer elevar til å søkja utveksling med skular i Polen og Spania

Europeisk elevutveksling

Prosjektet er del av eit samarbeid mellom skular i seks land i Europa. Me starta i fjor med samarbeid på skulen i forkant. Første utvekslingsreise som gjekk til Romania, hausten 2022.

I 2023 har me reist med grupper til Italia og Tyskland. Me arbeidar med FN sine berekraftsmål på skulen. Arbeidet vert følgt opp med aktivitetar på vertsskulen, i lokalmiljøet og med utflukter.

På kvar reise er det med fire elevar og to lærarar. Slik vert det til saman ei stor gruppe med elevar og lærarar frå mange land som treffest for ei interessant, lærerik, morosam og annleis veke. Opphaldet i utlandet blir rekna som skuletid og det vert ikkje ført fagfråvær. Under opphaldet i Polen/Spania bur våre elevar i familiane til elevane på vertsskulen. Lærarane bur på hotell eller liknande.

Kvam vgs og foreldregruppa tek imot elevar og lærarar 14.4.-19/20.4.2024.

Co-funded by the Erasmus+ Programme of the European Union

Reisemål og søknad

Reisemål og påmelding

  • Gdansk i Polen 22. oktober – 27.(28). oktober 2023
  • Valencia i Spania 18. februar – 23.(24). februar 2024
  • Alle elevar kan søkja. Me håpar at du søkjer!
  • Søknadsfrist torsdag 7.9.2023.

Co-funded by the Erasmus+ Programme of the European Union

Kostnad

Prosjektet er delfinansiert av utdanningsprogrammet Erasmus+. Reise inkludert fly, inngangspengar og opphald vert dekka av Kvam vgs. og prosjektmidlar. Fellesmåltid er også dekka. Eleven må sjølv dekka lommepengar til diverse utlegg som til dømes mat undervegs.

Forsikring

Skulen har reiseforsikring for elevane.

Helse

Ta med Europeisk helsetrygdekort.

Pass

Sørg for at passet er gyldig lengre enn til heimreisedatoen.

Krav

Dei elevane som takkar ja til å reise forpliktar seg til:

  • Å bruke eigen reiseforsikring viss ein vert forhindra frå å reisa etter at billettane er bekrefta
  • Ta imot ein utvekslingselev i heimen i april 2024, dersom det ikkje føreligg spesielle omsyn.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon

Knut Njaa

Kontaktperson for elevutvekslinga gjennom Erasmus+

Knut Njaa

undervisningsstilling
Knut Njaa