Hopp til hovedinnhold

Vaksine mot hjernehinnebetennelse

Vaksinering der sprøyte blir sett i armen.

I år, som fleire år tidlegare ønskjer me å tilby vaksine mot hjernehinnebetennelse til alle som går første året på vidaregåande skule. Vaksina er gratis for dykk. Kvam herad og Vestland fylkeskommune spleisar på kostnadane. Påmelding på SMS til helsesjukepleiar Christel Mo Vik innan 10.02.

Påmelding til vaksine

  • Svar på SMS, skriv: Ja takk til vaksine og namnet til eleven. 
  • Frist: 10. februar 2023

Helsesjukepleiar

Christel Mo Vik

Helsesjukepleiar
Christel Mo Vik med vaksine i handa

Informasjon til deg mellom 16-19 år

Smittsam hjernehinnebetennelse kjem av meningokokk-bakteriane, som kan gi livstruande sjukdom som blodforgifting og hjernehinnebetennelse. Ein av ti som blir sjuke døyr, og rundt 20 prosent får varige skadar.
Det er vanlig å ha meningokokkar i halsen utan å bli sjuk, men sjølv om du ikkje blir sjuk, kan du likevel smitte andre.

Korleis veit eg om eg er sjuk?

Det er ikkje alltid så lett å veta, for sjukdommen kan likne på både fyllesjuke og influensa. Seine teikn på sjukdommen kan vere små raude prikkar i huda, som ikkje går vekk dersom du trykker på dei med eit glas.

Ta kontakt med helsepersonell ved symptom:

  • Feber
  • Stiv nakke
  • Hovudverk
  • Sleten
  • Oppkast og diarè
  • Utslett

Dette vil eg ikkje ha – kva kan eg gjere for å beskytte meg?

Vaksine er det mest effektive tiltaket for å beskytte deg mot smittsam hjernehinnebetennelse.
Er du mellom 16-19 år bør du vurdere å ta vaksine, men både yngre og eldre kan ta vaksinen.

Du kan og minske sjansane for å bli smitta eller sjuk ved å

  • Ikkje dele flaske og glas med andre
  • Få nok søvn og kvile
  • Unngå for mykje alkohol
  • Ikkje røyke eller snuse
  • Unngå å kline med mange

Om ungdom og hjernehinnebetennekse på nettsidene til Folkehelseinstituttet