Hopp til hovedinnhold

Hausten 2022 starta Kvam vidaregåande skule utdanningstilbod på vg2 innan transport og logistikk. Utdanningstilbodet er eit samarbeid med Kvam vidaregåande, lokalt næringsliv og lokalt opplæringskontor. Opplæringa vert gjeven etter ein modell der elevane frå haustferien og ut året er tre dagar på skulen og to dagar utplassert i bedrift. Fram til haustferien vert all opplæring gjeven på skulen.

Moglegheiter innan transport og logistikk

Har du fullført vg1 teknologi- og industrifag? Ønskjer du å bli:

  • Yrkessjåfør innan lastebil og/eller buss
  • Logistikkoperatør
  • Kranførar

Då er transport og logistikk vegen å gå for deg. 

Utdanninga på vg2 vil gje deg opplæring i faga bransjelære, transport logistikk og løfteoperasjonar. Og i tillegg til bransjeteknikk der du får:

  • 23 timar teorikurs og dekka inntil 15 køyretimar for kl B.
  • Sertifisert opplæring i bruk av truck i klassane T1, T2 og T4
  • Sertifisert opplæring i G11 løftereiskap og anhuking.
  • ADR grunnkurs, vegtransport av farleg gods. Her kan dei som satsar på å verta yrkessjåfør gjennomføra ein prøve hjå Statens vegvesen for å få kompetansebevis.

Avansert utstyr i undervisninga

Me på Kvam vidaregåande skule har skaffa oss avanserte simulatorar innan transport og kranfaget, der du kan øva på køyring av truck T4, buss og lastebil med hengar og kran type G8, lastebilkran.

Lastebil på fjellet

Læreplan

Vg2 transport og logistikk handlar om handtering og transport av gods og personar.

I programfaga lærer de  å jobba sikkert og effektivt innanfor regelverket. De lærer om arbeid med ulik teknologi, ulike verktøy og maskiner. Programfaga skal vera framtidsretta. De skal læra om korleis ein kan minimera energibruk og minska miljøbelastninga frå næringa. Evna til god kommunikasjon med medelevar, kundar, leverandørar og kollegaer er òg ein del av programfaga.

Ta gjerne kontakt!

Vidar

Vidar er kontaktlærar for vg2 transport og logistikk

Vidar Torsvik

Kontaktlærar vg2 transport og logistikk
Vidar Torsvik

Samson Håland

Assisterande rektor

Avdelingsleiar for

  • samfunns - og språkfag
  • helsefag og ht-avdelinga
  • transport og logistikk

 

 

Samson Håland

ass. rektor
Samson.haaland.jpg