Hopp til hovedinnhold

Erasmus+ for deg som vil oppleva Europa

Bilete frå erasmus+tur til Katalonia

No kan du melda deg på studietur til Italia. Kvam vgs. er med i eit Erasmus+ prosjekt saman med skular i Italia, Tyskland og Polen. Samarbeidet byggjer på verdiane inkludering, mangfald og berekraft.

Kven kan bli med?

Elevar som går i 1sta, 1stb og 2sta

8–10 elevar frå Kvam vgs. reiser til Italia saman med følgjelærarar. I Italia møter me også elevar frå Tyskland og Polen. Du bur hos ein vertsfamilie og deltek i aktivitetar saman med dei andre elevane. Når elevane kjem til Kvam vgs. våren 2027, tek norske familiar imot gjestene. Prosjektet går over to skuleår.

Søknadsskjema

Kortid vitjar skulane kvarandre?

  • Italia, Senigallia: 15.–21. november 2026
  • Norge, Kvam vgs.: 11.–17. april 2027
  • Tyskland og Polen: skuleåret 2027/2028
Erasmus+

Kriterier for å kunne søkja:

  • Kan ta imot ein elev (eller to), motivert for å bu i vertsfamilie.
  • Motivert, nysgjerrig og open for å bidra og å tilpasse deg.
  • Må ha pass til å reise med til Italia, Tyskland eller Polen.
  • Foreldre/føresette må samtykke og støtte.
  • Inga eigenbetaling ut over lommepengar til nokre måltid.
  • Det er mogleg å melde seg som vertsfamilie utan å reise ut.

Kva gjer me på turane?

Gjennom prosjektet får du møta ungdom frå andre land, oppleva nye kulturar. Du får sjå korleis kvardagen er på ein skule i eit anna land. Du får nye vener og lærer å samarbeida med menneske frå ulike bakgrunnar. Det meste av kommunikasjonen går på engelsk. Du vil også møta andre språk som tysk, italiensk og polsk.

Når me reiser, er me saman som gruppe. Du bur i vertsfamilie og møter på skulen kvar dag. Der deltek du i aktivitetar og samarbeid med elevar frå dei andre landa.

Erasmus+ gir deg erfaringar som kan vera verdifulle både på skulen og seinare i livet.

På programmet står mellom anna:

  • bli-kjend-aktivitetar
  • samarbeidsoppgåver
  • felles måltid
  • ekskursjonar til andre byar og interessante stader
  • kveldsaktivitetar
  • arbeid med prosjekt og presentasjonar

Kostnader

Det er ingen eigenbetaling, bortsett frå lommepengar til nokre måltid og personlege utgifter. Alle reiser og aktivitetar i prosjektet er finansierte gjennom Erasmus+.

Informasjonsskriv

Knut Njaa

Kontaktperson for elevutvekslinga gjennom Erasmus+

Knut Njaa

adjunkt m/tilleggsutdanning i
Knut.jpg