Fredag 14. august ønskjer me alle nye Vg1-elevar velkomne til startsamtale ved Kvam vidaregåande skule.
Det blir gjennomført startsamtalar for alle elevar på Vg1, og elevane vil få tilsendt sms med tidspunkt for oppmøte. Samtalen blir gjennomført saman med kontaktlærar eller ein faglærar, og tar omlag 15 minutter.
Invitasjonen går til elevar med føresette. God kommunikasjon og eit godt samarbeid mellom skulen og heimen er viktig for at eleven skal få ein god start på vidaregåande opplæring.
Me ber eleven og føresette om å fylle ut skjemaet før startsamtalen.
