Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Bli elev hos oss!
Me er ein liten skule med godt miljø. "Alle veit kven alle er". I følgje elevundersøkingar som er gjort, så trivst elevane godt. Me har lite fråvær og få elevar som sluttar. Lærarane har mykje erfaring. Fagleg fokus er i sentrum. Innan idrett, så har me markert oss i volleyball.
Me tilbyr:
Studiespesialisering med programområda samfunnsfag og realfag
Breiddeidrett som valfritt programfag
Små grupper med god oppfølging frå lærarane
Vg2 i USA
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Informasjon om fag
Det første året, vg1 ST
Fellesfag
På Vg1 er elevane samla i klasse i dei aller fleste timane, noko som gir eit trygt og inkluderande læringsmiljø med godt klassefellesskap. Det finst nokre unnatak, til dømes i framandspråk, matematikk og programfag, der elevane kan vere delte i mindre grupper eller på tvers av klassar.
I fellesfaga er klassen samla. Fellesfaga på Vg1 er norsk, engelsk, matematikk, naturfag, samfunnsfag, geografi og kroppsøving. Desse faga gir eit breitt og solid grunnlag for vidare opplæring.
Framandspråk
Framandspråk gir deg nyttig kompetanse for vidare studium og arbeidsliv. Ved Kvam vidaregåande skule tilbyr vi spansk og tysk. Har du ikkje hatt framandspråk på ungdomsskulen, skal du ha språk i tre år. Har du hatt framandspråk, er det vanleg å halde fram med same språk i to år.
Matematikk
Du kan velje mellom 1P og 1T i matematikk. Faga har same timetal, men ulikt innhald. 1P er meir praktisk retta, medan 1T er meir teoretisk og særleg tilpassa vidare studium innan realfag.
Valfrie programfag
Som valfritt programfag kan du velje breiddeidrett. Faget gir deg fem ekstra timar i veka med varierte aktivitetar og idrettar. Dette er eit godt tilbod for deg som vil gå studiespesialiserande og samtidig ha ein aktiv og variert skulekvardag.
På Vg2 er klassen samla i fellesfaga norsk, historie og kroppsøving.
Du har 30 undervisningstimar i veka: 15 timar med obligatoriske fag og 15 timar med valfrie fag, slik at du kan tilpasse opplæringa etter eigne interesser og planar vidare.
Framandspråk
Du held fram med framandspråket du hadde på vg1.
Matematikk
På vg2 er det vanleg å velje 2P-matematikk. Dei som ynskjer å fordjupa seg i matematikk, vel programfaget matematikk R1.
Programfag
På vg2 vel du programfag. To av desse må høyra til same området (realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi). Du må halda fram med desse på vg3, og dei vert såleis fordjupingsfaga dine. Til saman vel du tre eller fire programfag.
Du kan velja mellom desse faga:
Realfag: matematikk, fysikk og kjemi
Samfunnsfag: rettslære, sosiologi og psykologi
Valfrie programfag
Du kan velja breiddeidrett i tillegg til dei obligatoriske faga.
Ønskjer du å ta vg2 i USA?
Då kan eit år i Missouri i USA, vera noko for deg. Samarbeidsskulen vår er St. Paul's Lutheran High School. Elevar frå heile fylket kan søkja om skuleplass. Me arrangerer tur til USA der føresette, vennar og kjente kan vitja klassen og vera turistar i USA.
På vg3 er klassen samla i fylgjande fellesfag: norsk, historie, religion og kroppsøving.
Programfag
På vg3 held du fram med minst to av faga du hadde på vg2. Det tredje faget kan vera frå eit anna programområde.
På vg3 kan du velja følgjande programfag:
Realfag: fysikk 2, kjemi 2 og matematikk R2
Samfunnsfag: rettslære, sosialkunnskap og psykologi
Språk: tysk og spansk
Valfrie programfag: breiddeidrett
Nettskule
Nettskulen i Vestland har som mål å tilby god nettbasert vidaregåande opplæring til elevar i heile fylket. Dersom Kvam vgs ikkje tilbyr faget du ønskjer, kan nettskulen vere eit alternativ.
Programfagstilbod i Nettskulen Vestland skuleåret 2026–2027
Her finn du ei oversikt over årets nettbaserte fag gjennom nettskulen. Tilbodet gir elevar høve til å ta fag digitalt, uavhengig av kva fag som blir tilbydde ved eigen skule.
Etter fullført og bestått tre år i skule har du fått studiekompetanse og kan søka opptak til høgare utdanning i Noreg. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du òg informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.