Hei! Me har no slått oss til ro etter nesten ein månad i USA, og dette har verkeleg vore litt av ei oppleving for oss alle! Det har vore mange nye folk, nye inntrykk og mykje som har skjedd på kort tid.
Fram til no har det vore fullt køyr. Alt har vore nytt, og mykje har blitt opplevd for aller fyrste gong. No har me endeleg begynt å kome inn i gode rutinar, og kvardagen kjennest litt meir normal.
Reisa ned hit var veldig kjekk. Me norske blei fort godt kjende med kvarandre, og då me kom fram til skulen, var me allereie blitt ein samansveisa gjeng.
Den fyrste månaden har bydd på mykje kjekt. Me har blitt kjende med mange nye folk, testa ut typisk amerikanske ting og til og med prøvd oss på sportar som cheerleading og amerikansk fotball!


Skulekvardagen her er ganske annleis enn den me er vane med heime i Noreg. Me bur på internat saman med andre elevar, så me er rundt kvarandre nesten heile tida – både på skulen og på fritida. Det skjer som regel noko kvar dag, anten det er trening, kampar, aktivitetar eller berre å finne på noko saman. Me får verkeleg oppleve den amerikanske skulekulturen på nært hald.
Det er også mange små ting som er annleis enn heime, og me merkar stadig nye kulturforskjellar. Samtidig lærer me mykje, ikkje berre på skulen, men også om korleis det er å bu i eit anna land, bli kjent med menneske frå andre stader og klare seg meir på eiga hand.
Det har sjølvsagt vore både oppturar og nedturar. Nokre av oss har begynt å kjenne litt på heimlengsla, men heldigvis er me ein god gjeng som støttar kvarandre og finn på mykje kjekt saman.
Det er litt rart å tenkje på at det allereie har gått nesten ein månad, samtidig som me framleis har nesten eit heilt skuleår framfor oss. No gler me oss til å sjå kva resten av året har å by på, og til mange fleire nye opplevingar!
