Hopp til hovedinnhold

Praksis i Tyskland for yrkesfag

Er du elev på VG1 Helse- og oppvekstfag, VG2 Industriteknologi (PIN) eller VG2 Transport og logistikk (TOL)? No har du moglegheit til å søkje om praksisopphald i Tyskland gjennom Erasmus+ og Kvam vidaregåande skule.

Kvam vidaregåande skule tilbyr elevane eit internasjonalt læringsopphald i Nürnberg i Bayern, der du får gjennomføre 10 dagar med praksis og bu hos vertsfamilie. Målet er å gi elevane internasjonal erfaring, kulturforståing og verdifull kompetanse som kan styrkje både den faglege og personlege utviklinga.

Reise, kost og losji blir dekte gjennom Erasmus+-programmet og Kvam vidaregåande skule. For å bli vurdert må du vise motivasjon, lærelyst, gode samarbeidsevner og ha eit godt fagleg grunnlag. Deltakarane må òg kunne ta imot ein elev frå den tyske samarbeidsskulen våren 2027.

For elevar på Teknologi- og industrifag er det viktig å vere aktiv i arbeidet med å finne aktuelle praksisområde. Elevar på Helse- og oppvekstfag får tilgang til etablerte hospiteringstilbod gjennom samarbeidsskulen.

Opphaldet blir gjennomført i samarbeid med Montessori Fachoberschule Franken i Nürnberg, og deltakarane vil bruke både engelsk og tysk under opphaldet. Før avreise skal alle gjennomføre språktest og nettbasert tyskkurs.

Les søknadsskjemaet nøye før du sender inn søknaden. Søknadsfristen er 18. september 2026.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Samson Håland eller Knut Njaa.

Søknadsskjema

For meir info - Utveksling til Tyskland